Siri Birk

coaching

velkomen

Denne sida er meint som ein liten introduksjon til arbeidet mitt som somatisk coach, slik at du kan få ein oversikt over kva du kan forvente, og finne ut om somatisk coaching er for deg!

Om du har spørsmål, er du alltid velkommen til å booke ein uforpliktande informasjons-samtale med meg

Kva er somatisk coaching?

Somatikk kjem frå ordet soma og betyr frå kroppen - og dette er ankeret for mitt arbeid som somatisk coach.
Somatisk coaching er form for holistisk terapi der vi er nysgjerrig på å møte heile deg - kropp, tankar, sinn, følelsar og åndelighet.

I stadenfor å bli verande i forståelsen og det intellektuelle, guider eg klientane mine ned i kroppen, og hjelper til med å lytte til og gi plass til signala den sender.

Ein coaching time vil vanligvis innhalde ein blanding av snakke-terapi, somatiske øvingar, del-arbeid og guida meditasjon.
Fokuset ligg på å skape eit trygt rom der kroppen og nervesystemet kan slappe av, slik at vi kan kome i kontakt med dei ubevisste mønstra som ofte ligg til grunn for utfordringar i livet.

Embodiment - kroppsleggjering - er nøkkel i måten eg arbeider på, og som coach legg eg stor vekt på å gi deg verktøy til å integrere det du oppdagar i coaching-forløpet, slik at du kan gjere endringar i livet og kvardagen din her og no.
Derfor vil du mellom kvar coaching-time få heime-oppgåver i form av lydfiler og/eller pdf’ar med skreddersydde meditasjonar, praktiske øvelsar og dagleg fokus. Eg er tilgjengelig på mail mellom timane, om du har spørsmål eller noko nytt kjem opp i eigenpraksisen din.

Målet er at du sjølv kan kome i kontakt med eigen kropp + system, lytte til signala dei gir deg og få praktiske verktøy som du kan beholde for alltid.

I eit somatisk coaching-forløp

  • Fokuserer vi på å regulere nervesystemet slik at du kan vere tilstade i livet, gi plass til kreativitet og det som er viktig for deg

  • Får du verktøy og somatiske øvingar som hjelper deg til å kome ut av hodet og ned i kroppen

  • Gir vi slepp på og skapar plass til å prosessere gamle og stagnerte følelsar, tankemønster og minner frå fortida som hindrar deg i å vere tilstade i livet her og no

  • Får du støtte i å ta kloke og sanne valg i tråd med den du ønskjer å vere i verda + sette realistiske mål

Eg trur at vi alle ber på ein unik nøkkel som verda sårt treng. Ein nøkkel som er heilt unik for deg, og ein essensiell bit av puslespelet for å skape ei sannare, sunnare og meir levande verd.

Eg er her for å hjelpe deg å finne din nøkkel, og eg gler meg til å sjå deg skinne.

om siri 


BAKGRUNN

Eg har ein 700 timar coachingutdanning som somatisk Sex-, Love- og Relationship coach ved the Tantric Institute of Integrated Sexuality. Eg er trena i praksisar frå eldgamle tradisjonar som tantra og taoisme, blanda med traume-informert moderne coaching. I dag tilbyr eg 1:1 somatisk coaching-timar og gruppeforløp der eg hjelper folk å gi hele gamle sår og traumer, kome i kontakt med kroppen og skape plass til å leve det livet dei ønskjer å leve.

Eg er også utdanna yogalærar, musikar, pedagog og kvinnesirkel-fasilitator, og eg elskar å skape jordnære rom for rørsle, heling og fellesskap!

KVA LEIDDE MEG HIT?

Så lenge eg kan hugse har eg kjent drivet mot å leve og skape eit alternativ til den systematiske øydelegginga av jorda vår. Det tok lang tid før eg innsåg at eg gjentok dei same destruktive mønstra inni min eigen kropp.

I 2019 møtte eg den velkjente ‘veggen’, og måtte stoppe opp. Kroppen min hadde prøvd å sei ifrå lenge, men då eg ikkje var villig eller kapabel til å lytte, tok systemet og kroppen min ansvar og sa klart og tydelig STOPP.

Eg trong kvile, langsomheit og tid, og min raske, travle og prestasjonsdrivne identitet vart sterkt utfordra. Eg vart tvungen til å endre taktikk.

Dette vendepunktet kom då eg fullførte mastergraden min på musikkonservatoriet i København og leidde meg inn på ei reise mot noko anna, noko meir sant, noko som føltes meir som meg. Det leidde meg til yoga, meditasjon, tantra & taoisme og eit meir syklisk, roleg og regenerativt liv.

I dag er eg takknemlig og ydmyk for gåven dette vendepunktet gav meg og for alle lærerane, opplevingane og fridomen det har gitt meg.

online coaching

Mine coachingtimar foregår online på Google Meet eller Zoom, og du får tilsendt ein link før kvar time.
Du treng derfor ein einheit med god internett-kopling, kamera og mikrofon + eit rom der du kan vere åleine.